Sunnfjord kommune

Kva er kommuneplanen sin arealdel?

Kva er kommuneplanen sin arealdel?

Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument og inneheld mål og retningsval for kommunen sin utvikling. Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Planen vert utarbeidd for ein periode på 12 år og vert revidert kvart fjerde år. 

Arealdel

Arealdelen til kommuneplanen er bygd på samfunnsdelen. Sunnfjord kommune vil vedta sin samfunnsdel i februar 2022.

Kommuneplanen sin arealdel er ein overordna plan som bestemmer kva areal i kommunen skal brukast til. Planen bestemmer kva område som kan byggast ut, bruk og vern av areal. Planen inneheld bestemmelsar om kva prinsipp og føresetnader som skal leggast til grunn for den meir detaljerte planlegginga som skjer i etterkant av vedtak av arealdelen.