Sunnfjord kommune

Frisksenter i Naustdal

Frisksenter i Naustdal

Samlokalisering av helsetenester i Naustdal sentrum. Prosjektet har vore utreda fleire gonger sidan 2011. I 2019 vart forprosjektet starta opp att.

Commond Ground er engasjert for å utføre forstudie (fase 0) og forprosjekt (fase 1).  Sjå heimesida til Commond Ground

Planen skal realisere utbygginga av det gamle kommunehuset og det gamle bankbygget i sentrum (fase 2). Planlagt byggestart er satt til august 2022.

Det har vore arbeidd med å kvalitetssikre arealbehovet for dei ulike kommunale funksjonane

  • servicetorg
  • legesenter
  • helsestasjon
  • psykisk helse
  • aktivitetseininga/frisklivssentral
  • fyrio/ergo
  •  heimetenester

som inngår i prosjektet.

Samtidig arbeider vi med å finne gode løysingar for kyrkjekontoret og ungdomsklubben.

Sidan i vår har det vore tett samarbeid med brukargruppene der det har vore arbeidd med fordeling av tenestene, med påfølgjande planløysing, for begge bygga. Styringsgruppa vedtok planløysingane for begge bygga i januar 2022.