Sunnfjord kommune

Resultat av moglegheitsstudien

Resultat av moglegheitsstudien

Mulig bruk av bibliotek - Klikk for stort bileteMulig bruk av bibiliotekMoglegheitsstudien av Førdehuset gjennomførast av Sunnfjord kommune med utgangspunkt i at arealet som Teater Vestland og Hafstad VGS leiger i dag, vert ståande ledig frå og med hausten 2023, då teatret flyttar inn i Nynorskhuset og skulen flyttar til nye Førde vgs.

Sjå presentasjon av Mulighetsstudie (PDF, 12 MB)

Målet for oppdraget har vore å gjennomføre:

”Ein studie/analyse som peikar på alternativ for gode og framtidsretta løysingar for noverande og moglege nye funksjonar i Førdehuset til beste for eksisterande og nye brukargrupper. Analysen skal primært ta utgangspunkt i eksisterande bygningsmasse og heilt nærliggande utomhusareal, og skal også innehalde kostnadskalkyle for føreslåtte tiltak.”

Hovudsatsingar

  • biblioteket
  • senterhallen ved inngangen og atriet ved teatersalen
  • nytt innhald i teateret sine lokale og teatersalen

Bakgrunn for Moglegheitsstudie

Førdehuset fyller 50 år i 2026, og delar av huset treng ei oppgradering. I tillegg er det ønskjer frå fleire av dagens brukarar om å utvikle og utvide eigne aktivitetar og lokalitetar, i tråd med dagens standard og krav/ønskjer frå publikum.
Største utfordringane med Førdehuset i dag - Klikk for stort bileteStørste utfordringane med Førdehuset i dagDet har vore ei stor utvikling i både bygningsmasse og aktivitetsinnhald sidan opninga i 1976. Huset har blitt større, tal og type aktivitetar har auka, og publikum har blitt fleire. Dette tilsaman gjer at ein opplever ein del utfordringar med Førdehuset i dag, logistisk, teknisk og bruksmessig. Huset treng ei fornying.

Førdehuset er eit viktig kjennemerke i Sunnfjord, og såleis også ein del av identiteten til sunnfjordingane. Huset var i si tid eit pionérprosjekt, og det første i sitt slag, som samla både kultur og idrett under same tak.

Sjå dokument frå Moglegheitsstudie