Sunnfjord kommune

Bakgrunn for moglegheitsstudien

Bakgrunn for moglegheitsstudien

Sunnfjord kommune har vedtatt å få laga ein moglegheitsstudie av Førdehuset, kommunen og regionen si storstove for kultur og idrett.

Bakgrunn

I 2023 flyttar etter planen Teater Vestland og Hafstad vgs, som no leiger lokale i huset, ut av Førdehuset og inn i andre lokale i Førde. Dermed blir mange kvadrat med lokale i huset ledig for anna aktivitet, inkludert Teatersal, prøvesal («Eventyrrommet»), verkstadsareal og fleire kontor- og møteromslokale. Huset treng òg generelt ei oppgradering og utvikling for å fungere som eit godt og funksjonelt kultur- og idrettshus anno 2023 og framover.  

Mål med moglegheitsstudiet

Studien skal peike på alternativ for gode og framtidsretta løysingar for noverande og moglege nye funksjonar i Førdehuset til beste for noverande og nye brukargrupper. Analysen skal primært ta utgangspunkt i eksisterande bygningsmasse og heilt nærliggande utomhusareal, og skal også innehalde kostnadskalkyle for foreslåtte tiltak. 

Involvering av innbyggjarane

Vi ynskjer innbyggjarne sine innspel for å utvikle eit godt og framtidsretta kultur- og idrettshus for brukarar og besøkande i alle aldrar. Det blir derfor ei digital undersøking.

Delta i undersøkinga

Råd og utval vi også bli høyde.

Prosjektgruppe

  • Prosjektleiar: Hilde Bjørkum, kommunalsjef for kultur og idrett 
  • Ei oversikt over prosjektgruppa vil kome her
     

Kontakt

Hilde Bjørkum
Kommunalsjef for kultur og idrett
E-post
Telefon 57 61 27 07
Mobil 909 19 933
Bengt Johan Bengtsson
Einingsleiar Kultur og ungdom
E-post
Telefon 57 61 27 62
Mobil 971 21 400