Sunnfjord kommune

Restaurering og rekonstruksjon av hagen

Restaurering og rekonstruksjon av hagen

Arkadia Landskap Utgangspunkt og premissar for restaurering og rekonstruksjon av hagen er hagehistorisk forskningsarbeid utført av Arkadia Landskap. Prosjektet vert finansiert av Sparebankstiftelsen DNB i samarbeid med Sunnfjord kommune, som også er aktivt med i byggeprosessen.

 

 

Frukttre, bærbusker og anna vegetasjon

Arkadia Landskap  Kilder til valg av frukttre, bærbusker og anna vegetasjon er Astrup sine brev og planteksta hans frå 1912 - 1913 

 

Det er mange prosjekt under arbeid i hagen. Fleire ulike prosjekt har vore utført i løpet av 2021:

Steingard langs fylkesvegen

Steingard langs fylkesvegen Arkadia landskap  

Staurgjerde rundt hagen

Då familien Astrup budde på Sandalsstrand gjekk det gjerde rundt hagen og innmarka. Gjerdet som vert sett opp er med utgangspunkt i netting- og staurgjerde som stod på eigedomen i Astrup si tid.  Einestaurane vert tilvirka på gamlemåten av anleggsgartnar Jan Erik Sandal Anleggsgartnere AS.

Tilvirking av gjerdestaur - Klikk for stort bilete
Einestaur - Klikk for stort bilete
Gjerde med einestaur - Klikk for stort bilete
Ferdig gjerde - Klikk for stort bilete

Dugnad våren 2021 

Dugnad - Klikk for stort bilete Arkadea landskap  

Dugnad - Klikk for stort bilete Arkadea landskap  

Restaurering av innmaksslåtten 

NOU-prosjekt i samarbeid med Høgskulen i Vestland og professor emerita Ingvild Austad.

Restaurering av innmarksslåtten - Klikk for stort bilete Arkia landskap  

Restaurering innmarksslåtten - Klikk for stort bilete Arkadia landskap

Den store dugnadsviljen og lokal interesse har vore til stor hjelp i arbeidet med rekonstruksjon og restautering av hagen. I løpet av sommaren stilte ein lokal lesesirkel opp og rydda i beda i tillegg til gartnarar frå Jan Erik Sandal Anleggsgartner AS. Takka vere den gode insatsen frå mange, er hagen no prega av godt stell og optimisme.

Arbeid med historiske bær og fruktsortar

I hagen til Engel og Nikolai Astrup vart det planta mellom 200 og 300 frukttre i følge Astrup si eiga planteliste. Astrup eksprimenterte, hybridiserte og tøyde grenser for hardførhet. LARK samla podekvistar frå Astruptunet, Jølster og Njøs Frukt og Bærsenter, som blei oppformert hos Åberge planteskule. Arbeidet med historiske bær og fruktsortar held fram.

Historiske fruktsortar - Klikk for stort bilete V. Aalhus  

Historiskr fruktsortar - Klikk for stort bilete V. Alhus  

Her kan du lese meir om alle tiltak som er gjort i hagen i Astruptunet (PDF, 14 MB)