Sunnfjord kommune

Bakgrunn for prosjektet

Bakgrunn for prosjektet

Espen Mills Sparebankstifelsen DNB løyver ti millionar kroner til å ruste opp Astruptunet.

Del av ei større satsing

Løyvinga til Sparebankstiftelsen DNB for 2020 er ein del av ei større satsing for restaurering av hus og hage i Astruptunet. Løyvinga har kome etter søknad frå Sunnfjord kommune til prosjektet, som har ei total økonomisk ramme på 46 mill. kroner fordelt over 4 år.

Leiar for kunst- og kulturavdelinga i Sparebankstiftelsen, Anders Bjørnsen, er begeistra for prosjektet.

– Astruptunet er unikt som kunstnarheim-museum i nasjonal og internasjonal målestokk. Eit restaurert hus- og hageanlegg vil saman med det planlagte visningssenteret ved tunet ha fantastiske kvalitetar for formidling av Astrup sin kunst og virke, seier han.

– I Astruptunet står ein bokstaveleg talt midt i Nikolai Astrup sine motiv for den kunsten han skapte. Å oppleve tunet vil vere attraktivt for kunstinteresserte både frå inn- og utland, og Sparebankstiftelsen er svært glade for å kunne vere med på å løfte fram Nikolai Astrup sin kunst og virke. Sparebankstiftelsen har òg ein klar ambisjon om å følgje opp med sin del av satsinga også i åra som kjem, uttalar Bjørnsen.

Løyvinga er eit viktig handslag for utvikling av kulturen og reiselivet 

Dette er eit godt døme på kva vi kan få til ved å foreine offentlege og private bidragsytarar.  Astruptunet er ei perle mellom kulturinstitusjonane våre. Med dei ambisiøse planane som føreligg her og den aukande interessa vi ser for Astrup sin kunst både nasjonalt og internasjonalt, har dette prosjektet òg eit stort potensiale i reiselivs- og næringslivsamanhang, seier han.

Ambisjonen i prosjektet er å halde særs høg kvalitet på restaureringsarbeidet både for husa og hagen. For restaureringa av hagen vil landskapsarktitekt og hagehistorikar Ingeborg Mellgren Mathiesen stå sentralt. Ho stod og for tidlegare omfattande rapportar om hageanlegget ved Astruptunet. Sunnfjord kommune vil ha  samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Astrupsenteret ved Kode i Bergen om dette prosjektet. 

Kontaktpersonar:

  • Ordførar Jenny Følling, tlf. 57 61 27 03
  • Kommunedirektør Ole John Østenstad, tlf. 901 79 283
  • Kommunalsjef for kultur og idrett Hilde Bjørkum, tlf. 909 19 933
  • Avdelingsleiar Sparebankstiftelsen DNB Anders Bjørnsen, tlf. 901 40 861

Kontakt

Hilde Bjørkum
Kommunalsjef for kultur og idrett
E-post
Telefon 57 61 27 07
Mobil 909 19 933