Sunnfjord kommune

Vassenden nærmiljøråd

Vassenden nærmiljøråd

Vassenden nærmiljøråd er ein del av Sunnfjord kommune si satsing på å løfte fram gode utviklingstiltak i dei ulike tettstadane i kommunen og skape engasjement rundt stadutvikling og skape attraktive bumiljø.

Aktivitet i Vassenden nærmiljøråd

Nærmiljørådet på Vassenden er ei vidareføring av Vassendenprosjektet 1989 – 2000 og Vassenden 2025. Det er stort engasjement på Vassenden og fleire spennande planar. Det er mellom anna utrabneidd ein eigen muligheitsstuydie for Vassenden. Målet er å skape tilgjenge for alle og etablere temaparkar både i tilknytning til Jølstravatntet og elva Jølstra. Rådet er òg engasjert i utvikling av campingplassen og planane for lagnaden til tidlegare Jølster hotell, ein staseleg byggning i sveitserstil frå 1888. 

Leiar i Vassenden nærmiljøråd

Bakgrunn for nærmiljørådet

Nærmiljøråda vart etablert som ein del av Sunnfjord kommune etter at Sunnfjord utvikling gjennomførte eit eige tettstadsutviklingsprosjekt der tettstadane i dei gamle kommunane deltok. Som del av dette prosjektet vart det utarbeidd ein eigen rapport om tettstadutvikling i Sande.

Målet med tettstadutviklingsprosjektet var å kome med forslag til tiltak som kan bidra til ein attraktiv bu- og arbeidsregion. Gjennom prosjektet vart det etablert arbeidsgrupper som representerte tettstadene i den nye kommunen. Då den nye kommunen vart etabler i 2020,  vart disse disse gruppene videreført i form av nærmiljøråd. Opphaveleg vart det etablert råd i fem tettstadar: Bygstad, Sande, Naustdal, Skei og Vassenden. Seinare har Viksdalen fått eige nærmiljøråd. 

Aktuelle lenker