Sunnfjord kommune

Skei

Skei

Skei nærmiljøråd er ein del av Sunnfjord kommune si satsing på å løfte fram gode utviklingstiltak i dei ulike tettstadane i kommunen og skape engasjement rundt stadutvikling og skape attraktive bumiljø.

Aktivitet i Skei nærmiljøråd

Skei nærmiljøråd er oppteken av stadutvikling på Skei og trafikktryggleik i sentrum. I dag manglar det gangfelt over riksvegen. Det er svært utfordrande grunna den store trafikken som heile døgnet går gjennom sentrum. 

Skei er òg eit godt utgangspunkt for mange fjellturar. M.a. vil rådet steinlegge stien opp mot Dagsturhytta og forlenge stien mot «Bjørnehiet». Mot Kjøsnes er det òg planar om å opparbeide, skilte og merke stiar som er tilgjengelege frå sentrum. Her vil dei òg sette opp benkar. Rådet har elles planar om å få på plass eit stuperett ved badeplassen. Fram Skei, som er eit lokalt selskap og som samarbeider med nærmiljørådet, har hatt planar om å bruke kommunehuset på Skei i ulike samanhengar. 
 

Leiar i Skei nærmiljøråd

Bakgrunn for nærmiljørådet

Nærmiljøråda vart etablert som ein del av Sunnfjord kommune etter at Sunnfjord utvikling gjennomførte eit eige tettstadsutviklingsprosjekt der tettstadane i dei gamle kommunane deltok. Som del av dette prosjektet vart det utarbeidd ein eigen rapport om tettstadutvikling i Bygstad.

Målet med tettstadutviklingsprosjektet var å kome med forslag til tiltak som kan bidra til ein attraktiv bu- og arbeidsregion. Gjennom prosjektet vart det etablert arbeidsgrupper som representerte tettstadene i den nye kommunen. Då den nye kommunen vart etabler i 2020,  vart disse disse gruppene videreført i form av nærmiljøråd. Opphaveleg vart det etablert råd i fem tettstadar: Bygstad, Sande, Naustdal, Skei og Vassenden. Seinare har Viksdalen fått eige nærmiljøråd. 

Aktuelle lenker