Sunnfjord kommune

Naustdal nærmiljøråd

Naustdal nærmiljøråd

Naustdal nærmiljøråd er ein del av Sunnfjord kommune si satsing på å løfte fram gode utviklingstiltak i dei ulike tettstadane i kommunen og skape engasjement rundt stadutvikling og skape attraktive bumiljø.

Aktivitet i Naustdal nærmiljøråd

Nærmiljørådet i Naustal er godt i gang med planar for aktivitetar framover. Rådet har både planar for å utbetre badestranda – Sanden - , plassere ut fleire benkar, og ruste opp turstiar. Gamlebrua er ei utfordring og noko nærmiljørådet òg engasjerer seg i. Det same gjeld ønskje om å tilrettelegge strand i Vevring. 

Leiar i Naustdal nærmiljøråd

Bakgrunn for nærmiljørådet

Nærmiljøråda vart etablert som ein del av Sunnfjord kommune etter at Sunnfjord utvikling gjennomførte eit eige tettstadsutviklingsprosjekt der tettstadane i dei gamle kommunane deltok. Som del av dette prosjektet vart det utarbeidd ein eigen rapport om tettstadutvikling i Naustdal.

Målet med tettstadutviklingsprosjektet var å kome med forslag til tiltak som kan bidra til ein attraktiv bu- og arbeidsregion. Gjennom prosjektet vart det etablert arbeidsgrupper som representerte tettstadene i den nye kommunen. Då den nye kommunen vart etabler i 2020,  vart disse disse gruppene videreført i form av nærmiljøråd. Opphaveleg vart det etablert råd i fem tettstadar: Bygstad, Sande, Naustdal, Skei og Vassenden. Seinare har Viksdalen fått eige nærmiljøråd. 

Aktuelle lenker