Sunnfjord kommune

Bygstad nærmiljøråd

Bygstad nærmiljøråd

Bygstad nærmiljøråd er ein del av Sunnfjord kommune si satsing på å løfte fram gode utviklingstiltak i dei ulike tettstadane i kommunen og skape engasjement rundt stadutvikling og skape attraktive bumiljø. Nærmiljørådet i Bygstad, som òg er ein del av Bygstad utvikling, er godt i gang med planar for aktivitetar framover.

Aktivitet i Bygstad nærmiljøråd

I november 2021 opna dei eit nytt grindebygg i Vikja. Det skal vere ein sosial møteplass i Bygstad og eit viktig nærmiljøtiltak i kommunen. Rådet arrangerte elles nyleg eit møte om kommunen sin samfunnsplan. 

Leiar i Bygstad nærmiljøråd

Bakgrunn for nærmiljørådet

Nærmiljøråda vart etablert som ein del av Sunnfjord kommune etter at Sunnfjord utvikling gjennomførte eit eige tettstadsutviklingsprosjekt der tettstadane i dei gamle kommunane deltok. Som del av dette prosjektet vart det utarbeidd ein eigen rapport om tettstadutvikling i Bygstad.

Målet med tettstadutviklingsprosjektet var å kome med forslag til tiltak som kan bidra til ein attraktiv bu- og arbeidsregion. Gjennom prosjektet vart det etablert arbeidsgrupper som representerte tettstadene i den nye kommunen. Då den nye kommunen vart etabler i 2020,  vart disse disse gruppene videreført i form av nærmiljøråd. Opphaveleg vart det etablert råd i fem tettstadar: Bygstad, Sande, Naustdal, Skei og Vassenden. Seinare har Viksdalen fått eige nærmiljøråd. 

Aktuelle lenker