Sunnfjord kommune

Korleis bruke plassen

Korleis bruke plassen

Vi oppmodar alle om å ta Meieriplassen med midlertidig paviljong i bruk.

Om det regnar kan du sitte tørt under tak i dette byrommet. Og snart kjem benkar på plass kring søylene.

I sommar vil sommarvertane Endre og Nikolai jobbe på plassen for å ferdigstille og vere til hjelp for folk som ønsker å delta eller vere arrangør på arena Meieriplassen. Treng du som arrangør vegleiing til korleis annonsere, tilgang på straum eller andre spørsmål, så ta kontakt med vertane på e-post: meieriplassen21@gmail.com

Du kan også reservere Meieriplassen til ymse hendingar på denne e-posten.

Vi minner om Sunnfjord kommune sin aktivitetskalendar www.sunnfjord.friskus.com

Her kan alle annonsere sine arrangement sjølv eller ta kontakt med sommarvertane for å annonsere under Meieriplassen som arena.

Sommarvertane kjem til å arrangere 4 ulike hendingar på plassen i løpet av sommaren. Så følg med.

QR- kodar

Meieriplassen ønskjer å formidle kunnskap om urban dyrking og historia til Meierikvartalet. Du kan ta bilete av QR-kodar med smart-telefonen din og blir dermed sendt vidare til informasjonssider på Sunnfjord kommune si heimeside. Mange av plantane er etelege. Så ver så god, forsyn deg!