Sunnfjord kommune

Justering av grenser

Justering av grenser

For å gjere eigedomsgrensene meir tenlege kan du søke om grensejustering eller overføre areal mellom eigedomar.

Kva får du?

  • Du får oppmålt og koordinatfesta den nye eigedomsgrensa.
  • Den nye grensa blir registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
  • Du får tilsendt matrikkelbrev. 

Kva kostar det?

Du finn prisar for oppmålingsarbeid og grensejustering i prislista til Sunnfjord kommune. I tillegg kjem tinglysingsgebyr 

Slik søker du

  • Fyll ut søknadsskjema. Hugs at alle eigarar av involverte eigedomar må signere søknadsskjemaet.
  • Legg ved situasjonskart som tydeleg viser kva område søknaden gjeld. Kart finn du via kommunekart. 

Kva skjer vidare?

Du får svar på søknaden innan 12 veker. Dersom søknaden blir godkjent, startar saksbehandling og oppmåling. Saka er normalt gjennomført innan 19 veker frå løyvet er gitt. 

Vi tek kontakt med deg og avtalar tidspunkt for møte og oppmåling. 

Har du spørsmål, ta kontakt med

Lov og forskrift

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00