Sunnfjord kommune

Deling av grunneigedom

Deling av grunneigedom

Skal du frådele ei tomt, må du søke kommunen om løyve. 

Kven kan søke?

Det er eigar (heimelshavar) av eigedomen som kan søke om deling av eigedom. Dersom du signerer søknaden på vegne av eigar, må du legge ved ei fullmakt frå grunneigar, sjå informasjon frå Kartverket om fullmakt

Sjekk dette først

Reguleringsplan for området

  • Kva er eigedomen regulert til?
  • Er den nye tomtegrensa vist i plankartet?

Kommuneplanen sin arealdel:

  • Kva er planføremålet?
  • Kva er krava til parkering og uterom i dette området?

Tilkomst, vatn og avløp, støynivå, storleik og kvalitet på uterom er også tema som du må sjekke ut og beskrive i ein søknad.

Gjeld det deling av landbrukseigedom? Då er det nødvendig med samtykke frå landbrukseininga i kommunen

Om eigedomen er utfordrande å bygge på bør du vurdere å søke om byggeløyve samtidig. Sakene vil då bli behandla parallelt.

Har du spørsmål før du søker?

Ta kontakt med Trond Hegrestad på eininga areal og byggesak:

Skjema og kart til søknaden 

Kva kostar det?

Når du skal dele ein eigedom, må du betale gebyr både for behandling av delingssøknaden og gebyr for oppmålingsarbeidet.

  • Delingssøknader: 6000 kroner.
  • Tillegg per eining: 2 500 kroner.
  • Deling per eining utanfor regulert område (område sette av til busetnad og anlegg eller LNF): 10 000 kroner.
  • Gebyr for oppmålingsarbeidet ligg på 20 200 kroner og oppover.
  • Dersom søknaden må behandlast etter jordlova og ureiningslova, samt som dispensasjonssak etter plan- og bygningslova § 19-1, så må du også betale slike gebyr. 

Du finn alle prisane i prislista for Sunnfjord kommune (PDF, 2 MB).

Behandlingstid

  • Ein søknad om frådeling blir normalt avgjort av kommunen innan 12 veker. I tillegg kjem tid der søknaden ligg til uttale hos statlege og regionale styresmakter. 
  • Ein søknad om frådeling som ikkje medfører dispensasjon eller treng avklaring med andre styresmakter og som elles er i høve til plan skal bli avgjort av kommunen innan 3 veker.
  • I tillegg kjem den tida det tek å gjennomføre oppmålinga med tinglysing, for tida 8–10 veker.

Saksgang

  • Søknaden vert behandla av eininga areal og byggesak etter plan- og bygningslova § 26-1
  • Når delingsløyve er gitt etter plan- og bygningslova § 26-1, går saka til oppmåling for gjennomføring og oppretting av eigedomen. Nokre gonger er det sett vilkår i delingsløyvet som søkaren må oppfylle før delinga kan gjennomførast.
  • Oppmåling held oppmålingsforretning. Eigarar av eigedomen og tilstøtande eigedomar får skriftleg varsel seinast 14 dager før oppmålinga. Her blir eksisterande grenser avklart og nye, godkjente grenser påvist og merka.
  • Etter oppmåling og tinglysing får søkar tilsendt matrikkelbrev, som er ei fullstendig beskrivelse av eigedomen med koordinatfesta grenser.

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00