Sunnfjord kommune

Ledige tomter i kommunen

Ledige tomter i kommunen

Ta kontakt med Sunnfjord tomteselskap om du er på jakt etter ledige bustadtomter eller næringsareal. 

Kontaktinformasjon Sunnfjord tomteselskap AS

Leiar Gisle Stafsnes

Bente Grønsberg Aase

Kristin Birkeland

Ledige bustadtomter

  • Vi har ledige bustadtomter i Brendeholten i Slåttebakkane (Førde). Feltet ligg mellom den eldre delen av Brendeholten og Hjortefaret. Byggetrinn 1 er no ferdig med utbygd veg, vatn, avløp, straum og fiber til kvar enkelt tomt. Ledige tomter er annonsert på Finn.no
  • Vi har ledige tomter i Bygstadhaugane bustadfelt i Bygstad. Ta kontakt med oss for meir informasjon om tomtene. 
  • Vi har ledige tomter i Steia bustadfelt på Sande. Ta kontakt med oss for meir informasjon om tomtene. 

Ledig næringsareal i Sunnfjord Næringspark

Klikk for stort bileteFørste byggetrinn av Sunnfjord Næringspark på Moskog i Sunnfjord kommune er klar til etablering av verksemder. Næringsarealet ligg rett ved E39 i krysset til Fv13 over Gaularfjellet. Kjøper du tomt her sikrar du bedrifta di ei framtidsretta, moderne og praktisk lokalisering midt i fylket– sentralt mellom Bergen og Ålesund. 

Fem grunnar til å velje Sunnfjord Næringspark

  • Sentralt plassert med kort veg til Sogn, Sunnfjord og Nordfjord – og køfri tilkomst til E39. 
  • Ypparleg for bedrifter med krav til  – og behov for – god logistikk.
  • Eit stort, fleksibelt, moderne og byggeklart næringsområde midt i Sunnfjord. 
  • Mykje rom for arealkrevjande næringar. 
  • Billege tomter og felt tilrettelagt for rask etablering.

Næringstomter til sjølvkostpris

Sunnfjord kommune, Sunnfjord tomteselskap og Sunnfjord Utvikling legg til rette for vekst og utvikling i næringslivet gjennom etableringa av Sunnfjord Næringspark. Vi ønsker å stimulere til nyetableringar og derfor er tomteprisane bestemt etter sjølvkostprinsippet. Det vil seie at prisane skal dekke dei faktiske kostnadane ved å opparbeide feltet.

Kontakt

Gisle Stafsnes
E-post
Telefon 57 02 12 10
Mobil 916 13 487
Bente Grønsberg Aase
E-post
Telefon 57 02 12 10
Mobil 404 44 704