Sunnfjord kommune

Eigedomsskatt i 2020

Eigedomsskatt i 2020

Dei fire tidlegare kommunane som no er Sunnfjord kommune har i 2020 fått ei justering på sats for eigedomsskatt. Alle eigedommane i Sunnfjord kommune skal takserast på nytt i år. Det betyr at alle eigedommane i kommunen får ein ny eigedomskatt frå 2021.

 

Vedteken skattesats for 2020
Eigedoms-skatt Førde Gaular Jølster Naustdal
Næring 6,5 promille 7 promille 7 promille 5 promille
Bustad/fritid 3,4 promille 4,1 promille 5 promille 4,5 promille
Særskilte skatteobjekt 6 promille 7 promille 7 promille 4,5 promille

*særskilte skatteobjekt kan til dømes vere tele-og fiberlinjer

Skattesetel

Vi har sendt skattesetel til alle eigarar av eigedom i Sunnfjord kommune i veke 9. Dette er ein oversikt over takst og skatt, og innheld ikkje faktura. 

Eigedomsskatteliste

Eigedomsskatteliste med opplysningar om alle skattelagde eigedomane ser du her:

Fakturering

Eigedomsskatten vert normalt fakturert fire gongar i året saman med avgift for vatn, avløp, feiing og renovasjon.

Ny verdisetting

Dersom ein eigedom i tida mellom to ålmenne takseringar vert delt, når bygningar på eigedomen vert nedrevne eller øydelagde ved brann o.l, eller når det vert oppført nye bygningar på eigedomen skal det vere ny verdisetting. 

Fritak

Frist for søknad om fritak etter § 7 er 1. september og eit eventuelt fritak vil gjelde for komande år.

Klagefrist: 3. mai 2020

Du kan klage på eigedomsskatten etter eigedomsskattelova §19, første ledd. Du må klage skriftleg til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde, eller nytte skjema under.


Elektronisk klageskjema 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00