Sunnfjord kommune

Eigedomsskatt 2021

Eigedomsskatt 2021

Frå 2021 skal Sunnfjord  kommune skrive ut lik eigedomsskatt i heile kommunen. Synfaring og taksering av eigedomar i Sunnfjord kommune er gjennomført, og sakkyndig skattetakstnemnd har gjort vedtak om nye skattetakstar. 

Skattesats for 2021

Nye takstar er fastsett i samsvar med Lov om eigedomsskatt og lokale retningslinjer for eigedomsskattetaksering i  Sunnfjord kommune. 

18. februar vedtek kommunestyret i Sunnfjord promillesats for 2021.

Retingsliner for eigedomsskattetaksering i Sunnfjord kommune pr. 12. januar.2021 (PDF, 842 kB)

Sonekart

Eigedomsskattelister og skattesetlar 

  • Opplysningar om skatt og takst (skattesetel) vert sendt til ut i veke 8. Skattesetelen blir sendt til den som er registrert som eigarrepresentant for skatteeigedomen.
  • Eigedomsskattelistene blir publisert på kommunen si heimeside seinast 01. mars 2021
  • Papirutgåver av eigedomsskattelistene er tilgjengelege for gjennomsyn i fire veker. Du finn dei på tenestetorga på Skei, Sande, Naustdal og Førde frå 01. mars 2021. 

Fritak for eigedomsskatt blir gjeve for følgande eigedomar

  • Eigedomar til stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller staten(esktl. § 7 a)
  • Bygningar som har historisk verdi (esktl. § 7 b)

Betalingsfristar

  • 15. mars
  • 15.mai
  • 15.august 
  • 15.november

Eigedomskatten blir betalt i 4 terminar (eskl. §25 første ledd).

Ubebygde tomter blir fakturert i 1. termin for heile skatteåret. Dersom skatten for ein eigedom er mindre enn 300 kroner, blir det  ikkje skrive ut skatt, jf. eskl. § 14. 

Faktura

Faktura for kommunale gebyr og eigedomsskatt for 1.termin blir sendt ut i slutten av februar, med forfall 15. mars

Særskilde skatteobjekt

Det blir skrive ut skatt på særskilde skatteobjekt dette tilsvarar det som tidlegare var taksert som verk og bruk.  Denne satsen er redusert frå 2019 satsen med 3/7-del i 2021. Sjå overgangsregel til esktl. §§ 3 og 4, fyrste ledd fyrste punkt. 

Skattesats for særskilte skatteobjekt i 2021:

  • Førde 6 promille
  • Gaular  og Jølster 7 promille
  • Naustdal 4,5 promille

Klage på eigedomsskatten

Du kan klage på den utskrivne eigedomsskatten etter eskl. § 19. Klagen skal vere skriftleg. Som eit minimumskrav må du gjere greie for kva det blir klaga på og kva du ønskjar å få endra. Du kan klage kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlaget tidlegare år. 

Klagefrist

  • 12. april .2021.

Sende klage på elektronisk skjema, til e-post eller pr post.