Sunnfjord kommune

Bruksendring

Bruksendring

Skal du bruke bygget eller deler av det til noko anna enn det bygget er godkjent til? Vil du gjere loft eller kjellar om til soverom eller stove? Eller vil du dele opp bustaden i fleire bueiningar? Då må du søke om bruksendring.

Sjekk først om du må søke om bruksendring

På direktoratet for byggkvalitet sine nettsider kan du enkelt sjekke om du treng å søke:

Sjekk først om du må søke om bruksendring 

Avgrensingar i kommune- eller reguleringsplanar

Det kan vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan bygge. Dersom du ønsker å bruke arealet til noko anna enn det arealplanen seier eller eigedomen er regulert til, må du òg søke om dispensasjon. Dette kan til dømes vere bruksendring frå bustadføremål til næring. 

Du får reguleringskart og reguleringsføresegner via kartsidene til Sunnfjord kommune eller ved å ta kontakt med oss. 

Du kan sende byggesøknad på eiga hand dersom

  • Du endrer rombruken frå tilleggsdel til hovuddel innafor same branncelle (til dømes frå bod eller vaskerom til stove, soverom eller liknande).
  • Du slår saman fleire bueiningar. 

Dersom du ønsker å slå saman bueiningar må dette leggast ved søknaden

  • Opplysingar om gardsnummer, bruksnummer, eigar og adresse.
  • Situasjonsplan.
  • Målsette planteikningar av kvar etasje som viser kva romma vert brukt til i dag. Teikn også inn dører, vindauge og trapper, inngang osv. Dersom du har planteikningar av huset kan du bruke desse som utgangspunkt og teikne inn alle endringane slik huset vert brukt i dag.
  • Følgeskriv der du beskriv historikken til eigedomen/bygningen. Korleis den var bygd, endringar som er gjort undervegs og dagens situasjon.

Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom

  • Du skal lage ei ny eining/leilegheit eller sekundærleilegheit, til dømes ei utleigeleilegheit.
  • Du skal bruke huset eller delar av det til noko anna enn det du gjer i dag. Til dømes frå næringsbygg til bustad, eller frå bustad til serveringsstad eller butikk.
  • Du skal endre på bereveggar eller berande golv.
  • Du ønsker å få godkjent ein eksisterande utleigedel som ei sjølvstendig bueining etter plan- og bygningslova.

Kva kostar det?

Du finn prisane i prislista til Sunnfjord kommune, sist revidert 21. januar 2020: 

Byggegebyr (PDF, 555 kB)

Er det feil opplysningar i eigedomsregisteret?

I samband med utsending av kommunale gebyr i ny kommune er det mange som ringer om at kommunen har feil opplysningar om bustaden. Dette kan til dømes vere at du blir fakturert for to bueiningar og har berre ein bueining. 

Kommunen brukar alltid opplysningane som ligg i matrikkelen (Norges offisielle register over fast eigedom, det vil seie bygningar, bustader og adresser)

Finn du at det som er registrert i matrikkelen om bygningen din er feil så kan du sende brev/e-post til kommunen om dette.  Du må kunne dokumentere feilen med tidlegare gitt løyve og godkjente teikningar. 

Har du spørsmål, ta kontakt med

Tenestetorga i kommunen på telefon 57 72 20 00. 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00