Sunnfjord kommune

Vedtak detaljregulering fv. 601 Angedalsvegen del 2

Vedtak detaljregulering fv. 601 Angedalsvegen del 2

Klikk for stort bileteNormalprofil AngedalsvegenKommunestyret i Sunnfjord kommune har vedteke detaljregulering fv. 601 Angedalsvegen del 2 i sak 067/20 den 24.09.2020.

Om planen

Denne planen strekker seg frå krysset til Presteholten og til Slåtten skule. I tillegg er det med eit mellombels anleggs- og riggområde nord for skulen. Planen viser sykkelveg med fortau i tillegg til fornya køyreveg i eksisterande trase. For å bygge dette er det nødvendig å løyse inn hageareal, ein tomannsbustad og ein garasje. Fleire avkøyrsle vert slått saman og einskilde kryss vert endra. Separat sykkelveg og fortau vil gjere det trafikktrygt å sykle og gå på strekninga. 
 

Dokument i samband med vedtak finn du her

Planen vil erstatte delar av ei rekke av reguleringsplanane.

Klagerett

Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan tre veker frå du har teke imot denne meldinga.

Klagen skal stillast til Fylkesmannen i Vestland og sendast til Sunnfjord kommune 

Sunnfjord kommune vil gjere ei ny vurdering av saka før klagen vert sendt til Fylkesmannen.

Opplysningar i høve rettsverknad av planen og klage på vedtaket er gjeve i vedlegg.
Grunneigarar, naboar og offentlege mynde vert så vidt mogeleg varsla direkte med dette brevet.