Sunnfjord kommune

Vedtak - detaljregulering for del av Sentrum Søraust

Vedtak - detaljregulering for del av Sentrum Søraust

Sunnfjord kommunestyre har i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedteke detaljregulering for del av Sentrum Søraust i sak 039/19 den 11.12.2019.

Om planen

Planen har som hovudføremål å legge til rette for ei vidareutvikling av eigedomane Hafstadvegen 44, 46 og 48 og Fjellvegen 9 til forretning, kontor, servering, kulturhus, forsamlingslokale, hotell/overnatting og anna offentleg eller privat tenesteyting.


Planframlegget legg til rette for oppføring av ny blokk for kombinert byggje- og anleggsformål på tomta som i dag vert kalla Fokusgården. Parkeringskjellar under bakken med felles nedkøyring med rådhusgarasjen er vist som ei mogleg løysing. Resten av bygningsmiljøet innanfor planområdet er delvis tenkt oppgradert.

Statens vegvesen som forvaltar av E39 har følgt denne planen opp i høve trafikkflyt. Det er lagt til ei rekkefølgeføresegn for felt BKB4 og BKB5 som får krav om at tiltak 1 (Bru over Jølstra ved Førdehuset) og tiltak 12 (Langebruvegen – Indre Øyrane) i Førdepakken skal vere utbygd og opna for trafikk før løyve til igangsetting.

Ny detaljregulering vil erstatte tidlegare plan for Del av sentrum Søraust (PlanID: 1432 - 20030005) og delvis erstatte detaljreguleringsplan for Rådhuskvartalet (PlanID: 1432 - 20100005).

Plandokument

Part i saka?

Er du part i saka kan du klage på vedtaket, jf. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap. VI. Klagefristen er tre veker etter kunngjering.

Klage sender du til:
Sunnfjord kommune
pb. 338
6802 Førde

elller til: postmottak@sunnfjord.kommune.no