Sunnfjord kommune

Vedtak - detaljregulering Flomstunet

Vedtak - detaljregulering Flomstunet

Kommunestyret i Sunnfjord kommune har vedteke detaljregulering Flomstunet i møte 11. desember 2019.

Om planen

Kommunestyret gjorde følgjande vedtak i sak 040/19 detaljregulering Flomstunet den 11.12.2019:
"Framlegg til detaljregulering Flomstunet med plankart 14.06.2019 og føresegner 01.11.2019, vert vedteken i samsvar med PBL § 12-12."


Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for fire etasjar på eksisterande bygg på gbnr. 61/117 og 61/53, samt renovere delar av eksisterande bygningsmasse. Det skal leggast til rette for kontor i dei øvste etasjane, medan dagens drift med butikklokale/treningssenter skal vidareførast i dei nedste etasjane.

Plandokument

Part i saka?

Er du part i saka kan du klage på vedtaket, jf. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap. VI. Klagefristen er tre veker etter kunngjering.

Klage sender du til:
Sunnfjord kommune
pb. 338
6802 Førde

elller til: postmottak@sunnfjord.kommune.no