Sunnfjord kommune

Vedtak - detaljregulering Angedalsvegen 6, gbnr. 22/237 mfl

Vedtak - detaljregulering Angedalsvegen 6, gbnr. 22/237 mfl

Klikk for stort bileteKommunestyret i Sunnfjord kommune har i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedteke detaljregulering Angedalsvegen 6, gbnr. 22/237 mfl i sak 068/20 den 24.09.2020.

Om planen

Planen legg til rette for å føre opp ei ny bustadblokk med parkeringskjellar på gbnr. 22/237, og legg til rette for at det kan byggast opp til 5 etasjar på gbnr. 22/238.

Planområde ligg i Angedalsvegen i Førde sentrum, og er på ca. 4,9 dekar. Området er regulert til bustad, med byggehøgde 19m, og utnyttingsgrad 65%BYA. Det er regulert del av ei avkøyringslomma til renovasjon, varelevering, m.m. Førdepakken vil regulere denne vidare i sitt tiltak 9.

Planen er endra etter høyring og offentleg ettersyn, der føresegner og føresegnsområde som gjeld gangsti er fjerna frå planforslaget. 

Dokument i samband med vedtak finn du her

Planen vil erstatte delar av reguleringsplan Huus, gbnr. 22/238 mfl. (2006). Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Kunngjering

Vedtaket vert kunngjort med annonse i avisa Firda og her på nettsida. Grunneigarar, naboar og offentlege mynde vert så vidt mogeleg varsla direkte med brev.

Klagerett

Planvedtaket kan påklagast av aktuelle partar, jf. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap. VI. Klagefristen er 3 veker.

Eventuell klage skal sendast til

 Merk klage med sak 20/106