Sunnfjord kommune

Varsel om vedteken detaljreguleringsplan Farsund

Varsel om vedteken detaljreguleringsplan Farsund

Klikk for stort bileteKommunestyret i Sunnfjord kommune har i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedteke detaljregulering Farsund i sak 048/20 den 18.06.2020.

Planen legg til rette for å utvide eksisterande bustadfelt på Farsund i nordaust med krav om sikring av byggeområde i nord. Det er regulert ei bevaringssone over den Trondhjemske postveg. Det er sett krav om å etablere passeringslomme ved E39 og flytte eksisterande busshaldeplass, samt mindre endringar og oppdateringar i eksisterande bustadfelt.

Planen er endra etter høyring og offentleg ettersyn, m.a. ny turveg mellom tomt 120 og 121 i nordaust og krav om handtering av matjord. Endringar i føresegner og plankart etter høyring og offentleg ettersyn er lista opp i kommunedirektøren si saksutgreiing.

Planen vil erstatte reguleringsplan Farsund av 2006, delar av Farsund, gang-/ sykkelveg av 2002, og delar av detaljregulering gang-/sykkelveg E39 Farsund Kusslid vedteke 15.12.2016.

Dokument:

Dokument i samband med vedtak av saka i bystyret

Dersom du har spørsmål, eller ynskjer å få tilsendt dokument i papirformat kan du gje melding til underteikna.

Vedtaket vert kunngjort med annonse i avisa Firda, og på kommunen si heimside

www.sunnfjord.kommune.no under kunngjering. Grunneigarar, naboar og offentlege mynde vert så vidt mogeleg varsla direkte med dette brevet.

Planvedtaket kan påklagast av aktuelle partar, jf. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap. VI. Klagefristen er 3 veker frå du har teke imot denne meldinga.

Eventuell klage skal sendast til

  • Sunnfjord kommune, Formannskapet, boks 338, 6802 Førde, og merkast sak 20/69.