Sunnfjord kommune

Varsel om vedteken detaljregulering Handelshuset 1

Varsel om vedteken detaljregulering Handelshuset 1

Klikk for stort bilete Plankart Kommunestyret har i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedteke detaljregulering Handelshuset 1, i sak 050/20 den 18. juni 2020.

Om planen 

Planen legg til rette for ei vidare utvikling og utviding av føremåla forretning/tenesteyting og parkering. Planområdet ligg i Førde sentrum, nordaust for krysset Naustdalsvegen og Storehagen. Handelshuset nord ligg i dag under gjeldane reguleringsplan Storehagen-Naustdalsvegen – carport for buss, som vart vedteke i 2006. Handelshuset nord ønskjer no ei utviding av forretningsarealet med 4 500 m2 og/eller 5 500 m2 offentleg-/privat tenesteyting med kontor og parkeringsanlegg med 400 nye plassar.   

Planen er endra etter høyring

Planen er endra etter høyring og offentleg ettersyn, mellom anna i høve rekkjefølgjekrav i føresegnene og tydleggjering av føremål. Det som er markert med raud skrift i føresegna, har planadministrasjonen føya til etter offentleg ettersyn.

Det er ikkje gjort endringar i planframlegget som har vore til høyring og offentleg ettersyn.

Handelshuset 1 erstattar reguleringsplan Storehagen-Naustdalsvegen – carport for buss.

Dokument i saka 

Spørsmål?

Dersom du har spørsmål, eller ønskjer å få tilsendt dokument i papirformat kan du gi melding til Janne Kristin Bøyum

Kunngjering av vedtak 

Vedtaket vert kunngjort med annonse i avisa Firda, i tillegg til denne kunngjeringa på nettsida. Grunneigarar, naboar og offentlege mynde vert så vidt mogeleg varsla direkte med brev.

Kan du klage på vedtaket? 

Planvedtaket kan påklagast av aktuelle partar, jf. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap. VI. Klagefristen er 3 veker frå du har teke imot denne meldinga.

Eventuell klage sender du til:

Sunnfjord kommune, formannskapet, boks 338, 6802 Førde, og merkast sak 20/1412.