Sunnfjord kommune

Varsel om vedteken detaljregulering Farsund nordvest

Varsel om vedteken detaljregulering Farsund nordvest

Klikk for stort bileteKommunestyret i Sunnfjord kommune har i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedteke detaljregulering Farsund nordvest i sak 049/20 den 18.06.2020.

Planen legg til rette for å utvide eksisterande bustadfelt på Farsund i nordvest med 8 nye bustadtomter med krav om å sikre BFS12 og BKS1-2 mot ras. Det er regulert veg mellom eksisterande busetnad og nye bustadtomter. Det er regulert to friområde.

Det er ikkje gjort endringa i planframlegget som har vore til høyring og offentleg ettersyn.
Planen vil erstatte nordleg del av detaljreguleringsplan Farsund (planid 464720200014) vedteke 18.06.2020.

Dokument:

Dersom du har spørsmål, eller ynskjer å få tilsendt dokument i papirformat kan du gje melding til underteikna.
Vedtaket vert kunngjort med annonse i avisa Firda, og på kommunen si heimside
www.sunnfjord.kommune.no under kunngjering. Grunneigarar, naboar og offentlege mynde vert så vidt mogeleg varsla direkte med brev.                                                                                                                                                       
Planvedtaket kan påklagast av aktuelle partar, jf. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap. VI. Klagefristen er 3 veker frå du har teke imot denne meldinga. Klagerett.

Eventuell klage skal sendast til: 

  • Sunnfjord kommune, Formannskapet, boks 338, 6802 Førde, og merkast sak 20/3029.