Sunnfjord kommune

Varsel om oppstart av planarbeid - Fv. 609 Heilevang

Varsel om oppstart av planarbeid - Fv. 609 Heilevang

Klikk for stort bileteAvgrensing av planområdetVestland fylkeskommune skal i samarbeid med Askvoll og Sunnfjord kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan for fv. 609 mellom Heilevang og Hestvika. Vi ber med dette om innspel til arbeidet.

Om planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å legge grunnlaget for skredsikring av fylkesvegen forbi det utsette fjellpartiet ved Heilevang. Det er tidlegare utarbeida eit forprosjekt for strekninga, der konklusjonen var at vegen skal sikrast med tunnel. I tillegg til regulering av ny vegtrasé, skal det i planarbeidet settast av område utanom vegstrekninga som skal nyttast til masselagring, permanente deponi og riggområde for prosjektet. Det skal ikkje gjennomførast tiltak som medfører direkte inngrep i Førdefjorden eller vassdraga i kring. 

Dokument om planarbeidet fv. 609 Heilevang

Har du synspunkt, innspel eller relevante opplysningar?

  • Send innspel innan 23. august 2020. 

Særskild ønskjer vi attendemelding frå aktørar som kan ha nytte av overskotsmassar frå anlegget.

Slik sender du innspel:

  1. Via Innbyggardialog
     
  2. E-post:
    Askvoll kommune: postmottak@askvoll.kommune.no
    Sunnfjord kommune: postmottak@sunnfjord.kommune.no
     
  3. Vanleg post
    Askvoll kommune, postboks 174, 6988 Askvoll
    Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde

Har du spørsmål?

Ta kontakt med planprosjektleiar Otto Eikeset på tlf. 91 14 36 76 eller e-post: otto.eikeset@vlfk.no.

Om kunngjeringa av planarbeidet

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3. Kommunane har konkludert med at planforslaget ikkje skal handsamast etter forskrift om konsekvensutgreiing, jfr. plan- og bygningslova § 4-1. Dette forutset at den nasjonale laksefjorden ikkje vert påverka av tiltaket.

Informasjon om planarbeidet er òg lagt ut på nettsidene til Askvoll kommune og Vestland fylkeskommune.