Sunnfjord kommune

Start detaljreguleringsplan Pynten

Start detaljreguleringsplan Pynten

Klikk for stort bileteFormålet med planarbeidet er å regulere areala til bustadføremål, og legg rammene for oppføring av 15 nye bueiningar med tilhøyrande uteområde og privat parkering. Einingane er føresett etablert som frittliggande og kjeda einebustader. 

Det vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med detaljreguleringsplan Pynten etter § 12-8 i plan- og bygningslova. Planområdet er vel 7 dekar, og femnar eigedomane gnr. 21 bnr. 38, samt del av 21/381, 401, 403, 410, 418 i Sunnfjord kommune. Tilkomst til området vert lagt via den kommunale vegen Presteholten.

Norconsult AS og Xform AS gjennomfører planarbeidet for O. Drage Utvikling AS.

Planarbeidet er vurdert til ikkje å verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiing.

Plandokument:

Frist for å sende innspel eller merknader

  • 27. april 2020

Slik sender du innspel/ merknadar

Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon som kan vere av interesse for planarbeidet, send dette til:

  • Norconsult AS, Postboks 514, 6803 Førde

Spørsmål kan rettast til:

  •  Ane Marie Gjerland på telefon 992 38 874 eller e-post: ane.marie.gjerland@norconsult.com