Sunnfjord kommune

Sentrumstiltak m.m. forslag til bruk av 100 mill. potten.

Sentrumstiltak m.m. forslag til bruk av 100 mill. potten.

Klikk for stort bileteKyrkjevegen GamlebankenI formannskapet torsdag 12. mars blei det fatta vedtak om at:  "Sunnfjord formannskap rår til at rapporten Bruk av 100 mill. potten, Førdepakken, datert 27.02.2020 vert lagt ut på høyring i 6 veker".

I Førdepakken er det sett av 100 mill. kr til uspesifiserte sentrumstiltak. I  Proposisjon til Stortinget 137 S  står det: Det er sett av 100 mill. kr til uspesifiserte sentrumstiltak. Det er lagt opp til at midlane blir nytta til gang- og sykkelvegar og mindre utbetringar.

Dette er midlar til nye og mindre tiltak som kjem i tillegg til dei 20 prioriterte tiltak som skal gjennomførast.

Det kan vere tiltak som legg betre til rette for opphald og bruk av byen. Det kan vere etablering av byrom og plassar, torg, fortau og sykkelvegar. Nye benkar og sykkelstativ kan også kome under denne kategorien. Tilskot til etablering av fortausløysingar eller bygging av parkeringshus er også mogleg å bruke desse midlane til. No er det laga ei liste med over 20 forslag til utbetringar eller nyetableringar for å auke funksjonen og trivsel i sentrumsområdet.

Det er høve til å kome med innspel til det som er føreslege i rapporten eller å kome med nye forslag. Kriteria som står lista opp i Stortingsmeldinga må ligge til grunn; uspesifiserte sentrumstiltak, gang- og sykkelvegar og mindre utbetringar.

Dokument:

 

Frist for innspel: 30. april 2020.

Innspela sendast til postmottak@sunnfjord.kommune.no