Sunnfjord kommune

Planstrategi for Sunnfjord kommune 2020-2023 til offentleg utlegging

Planstrategi for Sunnfjord kommune 2020-2023 til offentleg utlegging

Klikk for stort bilete  

Sunnfjord kommune legg no ut forslag til planstrategi for Sunnfjord kommune 2020-2023 til offentleg gjennomsyn.

Om planstrategien:

Kommunal planstrategi er ikkje ein plantype, men eit verktøy for politisk prioritering av planoppgåver. Planstrategien er retningsgjevande for kommunen si planlegging og har ingen direkte rettsverknad for kommunen sine innbyggjarar.

Planstrategien skisserer sentrale utviklingstrekk og utfordringar, erfaringar med gjeldande planar, avklare behov for revisjon av kommuneplanen, status på planoppgåver og vurdering av planbevhoet i inneverande kommunestyreperiode.

 

Ei utfordring i arbeidet har vore at vi skal sy saman ein planstrategi der vi må ta omsyn til eksisterande planar frå 4 gamle kommunar. Vi har derfor valt å utarbeide eit grunnlagsnotat til planstrategien der vi har omtala ulike planområde og kva som er status på planar innanfor områda. Dette notatet følgjer som eit vedlegg til sjølve planstrategien som er eit meir kortfatta dokument.

 

Planstrategien skal ikkje sendast på vanleg høyring, men forslag til planstrategi skal offentleggjerast minst 30 dagar før kommunestyret si handsaming.

 

Vi legg opp til politisk handsaming av planen i februar-21 i råd og utval, formannskap og endeleg handsaming i kommunestyret 18.02.21.

 

Dokumenta som no vert lagt ut til offentleg gjennomsyn: