Sunnfjord kommune

Planprogram for Astruptunet med visningssenter og varsel om planoppstart.

Planprogram for Astruptunet med visningssenter og varsel om planoppstart.


Klikk for stort biletePlanprogram for Astruptunet med visningssenter – høyring og offentleg ettersyn.Og varsel om oppstart av planarbeid - Astruptunet med visningssenter.

Planprogram for Astruptunet med visningssenter – høyring og offentleg ettersyn.

Planprogram for Astruptunet med visningssenter (datert 18.08.2020) med tilhøyrande silingsrapport, vert lagt fram for offentleg ettersyn og høyring.

Plandokumenta i formannskapssak 160/20 kan du lese her

I tillegg vert plandokumenta tilgjengeleg på Skei tenestetorg og Førde tenestetorg.

Merknadsfrist

Frist for innspel og uttale til planoppstart og planprogram er sett til 1.november 2020. Merk med saksnummer 20/5708

 

Varsel om oppstart planarbeid - Astruptunet med visningssenter, Sunnfjord kommune.

De vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med detaljreguleringsplan for Astruptunet med visningssenter, infrastruktur og skredsikring, jf. §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova (pbl).

Med bakgrunn i silingsrapport datert 03.07.20 vert det arbeidd vidare med dei to alternativa på vestsida av Astrup-tunet. Før utarbeiding av endeleg reguleringsforslag, må det ligge føre løysingar som visualiserer omfanget av begge alternativa i vest for å få fram eit beslutningsgrunnlag for endeleg plassering (jf. Formannskapssak 160/20).

Sunnfjord kommune er tiltakshavar. Detaljreguleringa vil bli utarbeidd av Asplan Viak AS i samarbeid med Sunnfjord kommune.

Hovudformålet med planarbeidet er å fastleggje plassering av eit visningssenter i nærleiken av Astruptunet. Varsla planområde er på om lag 160 daa.

Det er vurdert at planen ikkje omfattar tiltak som gjer at planarbeidet fell inn under det saklege verkeområdet for KU- forskrifta, og at planarbeidet difor ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

Vi har likevel sett behov for å starte planarbeidet med eit planprogram for planlegginga. Programmet gjer greie for prosjektet (kva det skal planleggast for), planlagde utgreiingar samt prosess og medverknad. Sjølv om dette ikkje er eit formelt planprogram etter KU-forskrifta, er det nyttig å få ei politisk forankring av visningssenteret si plassering. Planprogram med tilhøyrande vedlegg (silingsnotat) er på høyring og offentleg ettersyn i same tidsrommet som varsling av oppstart .

Spørsmål til planen kan også stillast til Asplan Viak AS ved Lene Hammer (e-post: lene.hammer@asplanviak.no). 

Merknadsfrist

  • 1. november 2020.

Innspel som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast til:

Merk med saksnummer 20/5708.

Naboar/grunneigarar vert varsla med brev.