Sunnfjord kommune

Oppstart av planarbeid - detaljregulering Ytre Øyrane/Skaparhuset

Oppstart av planarbeid - detaljregulering Ytre Øyrane/Skaparhuset

Klikk for stort biletePlanområdet Ytre Øyrane/SkaparhusetDet vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med utarbeiding av detaljreguleringsplan Ytre Øyrane/Skaparhuset, gbnr. 21/648, jf. §§ 12-1, 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova.

Om planområdet

Norconsult AS har på vegne av Hellenes Yard utarbeidd framlegg til detaljregulering Skaparhuset gbnr. 21/648.

Formålet med planarbeidet er å regulere området til tenesteyting og næring i samsvar med føringane i vedteken områdereguleringsplan, der det vert lagt til rette for samlokalisering av utdanningsinstitusjonar og næringslivsklynger. I hovudsak vil arbeidet legge rammene for bruk av eksisterande bygningsmasse som over tid vil verte tilpassa endra behov innanfor arealbruksformåla næring og tenesteyting.

Dokument om planområdet

Meir informasjon om planarbeidet

For nærmare informasjon om planarbeidet ta kontakt med:

Send eventuelle merknader til Norconsult

Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du sender dei til:

Norconsult AS
Postboks 514
6803 Førde

Merknadsfrist

  • 20. august 2020