Sunnfjord kommune

Kunngjering av vedtak – Endring av detaljreguleringsplan Øvre Steia, Sande.

Kunngjering av vedtak – Endring av detaljreguleringsplan Øvre Steia, Sande.

Klikk for stort bileteKommunestyret har i møte 30.04.2020 behandla sak 023/20 «Reguleringsplan Øvre Steia - Endring av reguleringsplan», og der vart det gjort slikt vedtak:

Framlegg til endring av Detaljreguleringsplan for Øvre Steia, plankart revidert 23.03.2020 og føresegner datert 23.03.2020, vert vedteken etter PBL §12-14. Planen vil erstatte reguleringsplanen for Øvre Steia vedteken i 2014.

Dokument i samband med vedtak av saka ligg på heimesida under politiske møter:

https://innsyn.onacos.no/sunnfjord/mote/wfinnsyn.ashx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2020009836&

Rettsverknad av reguleringsplan etter plan- og bygningslova. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2008-06-27-71

Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan tre veker frå kunngjering.  Eventuell klage skal sendast til Sunnfjord kommune, Formannskapet, postboks 338, 6802 Førde