Sunnfjord kommune

Kommunedelplan rassikring Rv 5 Erdal- Naustdal, silingsverkstad 26.08.2020

Kommunedelplan rassikring Rv 5 Erdal- Naustdal, silingsverkstad 26.08.2020

Klikk for stort bileteVi inviterer deg til å gi innspel på personar som skal delta på silingsverkstad for rassikra veg Erdal- Naustdal. 
 

Om kommunedelplan rassikring rv 5 Erdal–Naustdal

Statens Vegvesen driv utvikling av kommunedelplan for å rassikre Rv 5 Erdal- Naustdal. Det ligg føre vedteke planprogram for kommunedelplanen.

Målsetting er vedtak av plan i 2020, for å kunne kome med i Nasjonal transportplan (NTP) ved rulleringsprosess neste år.

 

Det skal vere silingsverkstad i Førdehuset  26. august kl. 09.00 - 15.00

Førebels program

  1. Presentasjon deltakerar
  2. Gjennomgang av alternativ som er sett på, v/ Norconsult
  3. Gruppearbeid
  4. Oppsummering frå gruppearbeidet

Silinga skal fastsette kva alternativ som skal vere med vidare til konsekvensanalyse, offentleg høyring og vedtaksprosess. Silingsverkstaden vert såleis ein viktig arena. Det skal vere fleire alternativ med frå silinga. 

Vi ynskjer representasjon frå aktuelle grunneigarar, lag og organisasjonar, og frå aktuelle private partar elles.

Nedst i denne meldinga er det lista eit forslag til representasjon frå lokalt nivå- representantar frå ulike grupper. Sjå om du er omfatta av noko der, og tenk over korleis dine synspunkt og interesser kan bli fanga opp.

Uansett tilknyting til organisasjon, så er det høve til å gje innspel på personar som bør vere med, også du sjølv. Gje gjerne ei kort grunngjeving, om namnet ikkje blir knytt til lista som er sett opp. Veldig bra om vi kan få samordna innspel frå grupper som grendelag eller grunneigarar, då slepp vi gjere vurdering av om gruppa er tilfredsstillande representert.

Send gjerne innspel e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no . Sett gjerne «Siling rv5» fremst i emnefeltet, så lettar det sorteringa.

Vi må be om innspel innan måndag 10.08., for å kunne få sendt ut invitasjonar. Fristen er ikkje absolutt, men vi startar arbeidet med invitasjonar då.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Harald Eikenes: 
Harald.Eikenes@sunnfjord.kommune.no - 913 88 644

Liste- prinsipp for representasjon:
 

Skule/ barnehage

 
 

Naustdal skule- fau

2

 

Barnehage- fau

2

     

Verksemder

 
 

Firda

1

 

Næringsdrivande Naustdal

2

 

Næringsdrivande Kinn og Bremanger

2

     

Organisasjonar

 
 

Grendelag aust for Nausta

1

 

Grendelag Erdalen?

1

 

Elveigarlag/ bondelag mm.

1

 

Norges handikapforbund

1

 

Turlag / Tambarskjelvar

1

 

Naturvernforbundet

1

 

Naustdal Ungdomslag

1

 

NAF

1

 

Lastebileigar mm.- MEF/ NLF

1

   

25

 

Velkomen til å gje innspel.