Sunnfjord kommune

Høyring av forskrift om frist for gjødselspreiing i Sunnfjord kommune

Høyring av forskrift om frist for gjødselspreiing i Sunnfjord kommune

Framlegg til lokal forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer mv. ligg ute til offentleg ettersyn. Frist for innsending av merknader er 15. februar 2021.

Framlegg til forskrift om frist for spreiing av gjødselsvarer mv. 

Kommunane Naustdal, Jølster, Gaular og Førde sine lokale forskrifter om spreiing av husdyrgjødsel gjeld ut 2020. Dersom Sunnfjord kommune skal ha ei lokal forskrift, må denne først sendast på høyring i tråd med forvaltningslova § 37.

Utval for samfunn, kultur og næring gjorde vedtak i møte 2. desember 2020 at framlegg til forskrift om frist for spreiing av gjødselsvarer mv. vert lagt ut på høyring. 

Dokumenta i saka 

Merknadsfrist

  • 15. februar 2021

Slik sender du merknad