Sunnfjord kommune

Detaljreguleringsplan Eikelandsfossen er vedteken

Detaljreguleringsplan Eikelandsfossen er vedteken

Klikk for stort biletePlanen har som hovudformål å legge til rette for oppgradering av rasteplass ved fv. 610, og bygging av ny turveg fra rasteplass til utsiktspunkt ved Eikelandsfossen. Deler av turveg skal vere tilrettelagd for rørslehemma. 

Framlegg til detaljreguleringsplan Eikelandsfossen plan-ID 4647-20200016, med plankart datert 08.06.2020 og føresegner datert 07.07.2020 vart vedteken av Sunnfjord kommunestyre 29.10.2020.

Planframlegget har mindre justeringar etter offentleg ettersyn, etter dialog med planfremjar. Endringane som er gjort kjem fram av saksutgreiing i sak 092/20.

Planområdet ligg om lag 5km aust for Sande sentrum langs fv. 610.

Saksdokument 

Klagerett

Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse , kan klage på vedtaket innan tre veker frå kunngjering. Klagen skal stillast til Fylkesmannen i Vestland og sendast til Sunnfjord kommune.

Opplysningar om klagerett

Eventuell klage sender du via e-post eller per post: