Sunnfjord kommune

Detaljregulering Ytre Øyrane, gbnr. 21/305 mfl.

Detaljregulering Ytre Øyrane, gbnr. 21/305 mfl.

Klikk for stort bileteKommunestyret i Sunnfjord kommune har i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedteke detaljregulering Ytre Øyrane gbnr. 21/305 mfl. i sak 069/20 den 24.09.2020.

Om planen

Planen legg til rette for å vidareføre den kommunale vegen, samt at det frigjer utbyggingsareal på begge sider av vegen.

Planområdet på ca. 17 dekar ligg vest på Ytre Øyrane. Området er regulert til næring/tenesteyting. Utnyttingsgraden er satt til 80% BYA. BYA inkluderer utelagring. Byggehøgde er i hovudsak avgrensa til 19m, og opp til 21m for tekniske installasjonar på tak. Unnataket er dersom ei verksemd kan vise at dei har behov for større byggehøgde, noko som skal vurderast av kommunen i kvart enkelt tilfelle.

Planen er endra etter høyring og offentleg ettersyn for å ta betre omsyn til trafikktryggleiken ved gbnr. 21/285.  Endringar i føresegner og plankart etter høyring og offentleg ettersyn er sett opp i saksutgreiinga.

Dokument i samband med vedtak finn de her

Planen vil erstatte delar av områderegulering Ytre Øyrane (2018).

Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Kunngjering

Vedtaket vert kunngjort med annonse i avisa Firda og her på nettsida. 
Grunneigarar, naboar og offentlege mynde vert så vidt mogeleg varsla direkte med brev. 

Klagerett

Planvedtaket kan påklagast av aktuelle partar, jf. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap. VI. Klagefristen er 3 veker. 

Eventuell klage skal sendast til

 Merk klage med sak 20/48