Sunnfjord kommune

Detaljregulering Skudeløken til høyring og offentleg ettersyn

Detaljregulering Skudeløken til høyring og offentleg ettersyn

Klikk for stort bileteFormannskapet i Sunnfjord kommune har gjort vedtak om å sende detaljregulering Skudeløken til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10.

Planframlegget er utarbeidd av Link Arkitektur AS på vegne av BR Eigedomsutvikling AS.

Føremålet med planen:

Planframlegget legg til rette for ei trinnvis etablering av blokker med bustader, kontor, forretning, tenesteyting og leilegheitshotell. Byggeføremåla er plassert rundt felles tun i tre bustadfelt med garasjeanlegg under bakken. Det er sett krav til variasjon i utforming av bygga. Tuna skal vere felles uteopphaldsareal som sikrar møte- og leikeplassar. Det skal vere vegetasjon og vasselement i tuna. Arealet mellom Løken og bustadtuna er regulert til naturområde og turveg. Tilkomst til området vil skje frå rv 5. 

Planområdet:

Planområdet ligg knapt 400 m nord for Førde sentrum, og ligg aust for Naustdalsvegen/rv. 5, sjå flyfoto under. Planområdet gjeld delar av gbnr. 21/37, 44 og 25, og er samla ca. 34 dekar. 

Vedtak av ny reguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande områdereguleringsplan Indre Øyrane 2019 (planid 143220190014).

Her kan du lese alle plandokumenta

Informasjon og medverknad:

Det er høve til å kome med innspel og merknader til planframlegget. Alle merknadar vil bli vurdert og kommentert i saksframstillinga til politisk handsaming. Sunnfjord kommunestyre vil vedta detaljreguleringsplanen.

Planframlegget inneheld planomtale, reguleringsføresegner, plankart, risiko- og sårbarheitsanalyse, illustrasjonar/snitt, og diverse rapportar m.m. Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Dokumenta vert lagt ut på Sunnfjord rådhus – Førde tenestetorg. Dersom det er ynskje om å få plandokumenta tilsendt som papirformat kan du ta kontakt.

Merknadsfrist:

  • Utleggingsperioden er 21. september – 1. november 2020
  • Merknadsfristen er 1. november 2020

Merknadar kan du sende til:

Merk sak med nr 20/1699

Spørsmål om saka?

Kontaktperson er Berit Holme, arealplanleggar.