Sunnfjord kommune

Detaljregulering Skorva- Engebø.

Detaljregulering Skorva- Engebø.

Klikk for stort bileteSupplerande høyring alternativ plassering gang-/sykkelveg.

​Oppsummering

Det er gjennomført møte med grunneigarar som blir berørt av planlagd gang-/ sykkelveg i Vevring. Det er vidare gjennomført ei fagleg vurdering av alternativ plassering av gang-/ sykkelveg sør for fylkesvegen.
Kommunen har førebels vurdering at gang-/ sykkelveg bør byggast på nordside av fylkesvegen, i tråd med planframlegg som har vore på høyring. Vidare vurderer vi at gang-/ sykkelvegen kan byggast på eit kortare strekk enn det som ligg i planframlegg som har vore på høyring. Det er aktuelt å avgrense planen slik at næringsområde NÆR- 3 etter kommuneplanen kjem utanfor planområdet.
Kommunen ber og om synspunkt på aktualitet for forlenga strekning med fart 50/ km/t, i kombinasjon med bruk av fortau i staden for gang-/ sykkelveg.

Kommunen vurderer at det vil vere grunnlag for slutthandsaming av plan utan ny høyring ut over dette brevet, også i det tilfellet at det blir gjort endringar på punkt som er nemnt over, bortsett frå å skifte side nord/ sør for gangveganlegg.

Dokument

 

Frist for merknad til forhold som blir teke opp i brevet

  • 05.08.2020.

Merknadar sendast til