Sunnfjord kommune

Detaljregulering Skorva-Engebø, framlegg til høyring

Detaljregulering Skorva-Engebø, framlegg til høyring

Klikk for stort biletePlanlagt møte i Vevring blir avlyst på grunn av gjeldande retningslinje knytt til Korona- smitte.Les framlegg til detaljregulering for vassleidning  mellom Skorva og Engebø. Frist for å gje uttale er 26.april 2020.  

Formannskapet i Sunnfjord kommune gjorde følgande vedtaket i sak 30/20, møtedato 27.februar 2020:

I samsvar med plan- og bygningslova §12-11, jfr. §12-10, vert framlegg til detaljregulering for vassleidning Skorva - Engebø lagt ut til nytt offentleg ettersyn, med endringar som er gjort greie for i saksutgreiinga datert 13.februar.2020.
 

Høyringsbrev (PDF, 224 kB)

Lenke til vedlegga i høyringsbrev:

 

Planen strekkjer seg over kommunegrensa til Askvoll. Askvoll kommune har derfor gjort tilsvarande vedtak i sak 22/20, møtedato 17.februar 2020. 

Ein rekkefølgjeregel (føresegn § 0-4) har ulik ordlyd ved vedtak i dei to kommunane. Teksten vart endra før vedtak i Sunnfjord kommune. Forholdet vil bli ordna før saka kjem til vedtak. 

Planen har tidlegare vore på høyring i Naustdal kommune. Les saka her

Planframlegget har no ein del mindre endringar. Endringar er knytt til gang-/ sykkelveg i staden for fortau på del av aktuell strekning, og noko justering av trase av omsyn til naturtypar og fiskeriinteresser med meir.

Det går eigne brev til grunneigarar i langs traseen i dei to kommunane. 

Frist for å sende innspel eller merknader

  • 26. april 2020

Slik sender du innspel