Sunnfjord kommune

Detaljregulering Sandbrekka - offentleg ettersyn

Detaljregulering Sandbrekka - offentleg ettersyn

Klikk for stort bileteFormannskapet i Sunnfjord kommune har gjort vedtak om å sende detaljregulering Sandbrekka til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10.

Om planframlegget

Nordplan AS har på vegne av Førde sementvare AS utarbeidd framlegg til detaljregulering Sandbrekka. Planframlegget legg til rette for å utvide eksisterande lagerområde til Førde sementvare AS vestover med ca 3,4 dekar.

Det kan førast opp lagerbygg, og utnyttingsgraden er sett til 75 % bebygd areal med byggehøgde på 10 meter til møne. Det er regulert grønstruktur mot elva Jølstra i nord og mot vegen i sør. Det er krav om heva terreng i flaumutsett område. Tilkomst til området vil skje frå eksisterande veg gjennom Førde Sementvare AS sin eigedom i aust. Det vert vist til planomtale for fleire opplysningar om planframlegget

Planområdet ligg ca. 3 km sør-aust for Førde sentrum og t gjeld delar av gbnr. 60/15, og er samla ca. 8,7 dekar

Reguleringsføresegner og plankart vil verte juridisk bindande medan andre dokument er av opplysande art.

Dokument i saka

Meknadsfrist

  • 7. juni 2020

Slik sender du innspel