Sunnfjord kommune

Detaljregulering Langebruvegen 23 og 25

Detaljregulering Langebruvegen 23 og 25

Gjennom planframlegget er det lagt til rette for riving av eksisterande bygningsmasse og oppføring av ny bustadblokk med ca.53 bustadeiningar samt privat-/offentleg parkering med tilhøyrande uteopphaldsareal.

Høyring og offentleg ettersyn

Planutvalet i Førde kommune vedtok 07.11.2019 å legge detaljregulering for Langebruvegen 23 og 25 fram for høyring og offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. Framlegg til detaljregulering inneheld planomtale, reguleringsføresegner og plankart (datert 03.10.19), illustrasjonar, VAO-rammeplan og ROS-analyse. Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Høyringsdokument

I tillegg er dokumenta tilgjengeleg i papirformat på biblioteket i Førdehuset og Servicetorget i Førde rådhus. 

Om planområdet

ARKI Arkitektar AS og Norconsult AS har på oppdrag frå Åsen & Øvrelid AS utarbeidd framlegg til reguleringsplan for Langebruvegen 23 og 25. Planområdet femnar om eigedomane gnr. 21, bnr. 10, 263, 438, 661 samt del av 8, 9, 166, 544 og 555 i Førde kommune. Planområdet er lokalisert i Førde sentrum og grensar i aust til Langebruvegen, i vest til Sunnfjord hotell, i nord til gang-/sykkelvegen langs Løken og til Langebruvegen 19 i sør.

Høyringsperiode og høyringsfrist

  • Høyringsperiode: 29.11.2019 – 17.01.2020
  • Merknadsfrist: 17.januar 2020

Slik sender du innspel

Det er høve til å kome med innspel og merknader til planframlegget. Alle merknadar vil bli vurdert og kommentert i saksframstillinga til politisk handsaming. Sunnfjord kommunestyre gjer endeleg vedtak av detaljreguleringsplanen.