Sunnfjord kommune

Detaljregulering Jokvihogen felt B- sak til høyring

Detaljregulering Jokvihogen felt B- sak til høyring

Klikk for stort bilete 

Sunnfjord formannskap vedtok 17.09.2020, sak 173/20 å legge detaljregulering for Jokvihogen felt B til høyring og offentleg ettersyn, slik plan- og bygningslova § 12-10 føreskriv.

 

Nodplan har utarbeidd framlegg til reguleringsplan for forslagstillar Mastcon as. Planområdet er ein del av gbnr. 355/1 Planområdet ligg ved etablert byggefelt Langhaugane og Langhaugane barnehage.

Planen legg til rette for utbygging sør for Jokvihogen felt A. Dette feltet er under utbygging etter reguleringsvedtak i Jølster kommune.

Det er gjort ei vurdering av CO2- utslepp som fylgje av at myr blir påverka.

Her kan du lese dokumenta som er lagt fram for handsaming

 

Dokumenta ligg ute til gjennomsyn på Førdehuset - Biblioteket og  på Sunnfjord rådhus – Servicetorget.

Dersom det er ynskje om å få plandokumenta tilsendt som papirformat kan du kontakte Harald eikenes på e-post: Harald.Eikenes@sunnfjord.kommune.no eller telefon: 57816125/91388644

 

Merknadsfrist

Det er høve til å kome med innspel og merknader til planframlegget. Alle merknadar vil bli vurdert og kommentert i saksframstillinga til politisk handsaming. Sunnfjord kommunestyre gjer endeleg vedtak av detaljreguleringsplanen.

Merknadsfristen er sett til 01.11. 2020.

Merknader sendast til:

Merk med saksnr: 20/148

 

 

.