Sunnfjord kommune

Detaljregulering Hornnesvegen 36-42 til offentleg ettersyn

Detaljregulering Hornnesvegen 36-42 til offentleg ettersyn

Klikk for stort biletePlanframlegget legg til rette for å etablere 75 bueiningar i tre blokker og ti rekkjehus ca. 2 km nordvest for Førde sentrum.

Formannskapet i Sunnfjord kommune har gjort vedtak om å sende detaljregulering Hornnesvegen 36-42 til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10.

Tippetue Arkitekter AS har på vegne av BOB Eiendomsutvikling AS utarbeidd framlegg til detaljregulering Hornnesvegen 36-42. Planframlegget legg til rette for å rive eksisterande bygg, og føre opp tre nye bustadblokker i 4-6 etasjar, ti rekkjehus i 3,5 etasjar, med samla 75 bueiningar plassert rundt eit tun. Garasjeanlegg skal plasserast delvis over bakken mellom blokkene og rekkjehusa. Det er sett krav til privat og felles uteopphaldsareal som i hovudsak er plassert mellom bygga og på taket til garasjeanlegget. Tilkomst til området vil skje frå eksisterande veg, Hornnesvegen og Stranda. Det vert vist til planomtale for fleire opplysningar om planframlegget.

Planområdet ligg ca. 2 km nordvest for Førde sentrum, og gjeld delar av gbnr. 22/90, og er samla ca. 11,2 dekar.

Reguleringsføresegner og plankart vil verte juridisk bindande medan andre dokument er av opplysande art.

Ny reguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande reguleringsplanar Bergum - Hornnes nord av 1975 og del av Bergum – Hornnes av 2003.

Dokument i saka

Planen er tilgjengeleg i papirutgåve på Sunnfjord rådhus - Førde tenestetorg.

Frist for å sende innspel eller merknader

  • 11. mai 2020

Slik sender du innspel