Sunnfjord kommune

Detaljregulering Handelshuset 1

Detaljregulering Handelshuset 1

Klikk for stort bileteNorconsult AS har på oppdrag frå Handelshuset AS og Firda Billag AS utarbeidd framlegg til reguleringsplan for Handelshuset 1.

Om planområdet

Planområdet er lokalisert i Førde sentrum og utgjer i underkant av 15 daa. Området består i dag av verksemd knytt til handel, transport og drift av kollektivknutepunktet Firda Billag.

Planen legg til rette for utviding av Handelshuset nord med 4.500 m2 og/eller 5.500 m2 offentleg-/privat tenesteyting med kontor og parkeringsanlegg med 400 nye plassar. Parkeringsanlegget skal både femne om offentleg og privat parkering.

Planframlegget for Handelshuset er fase 1 i ein framtidig større plan for Firda Billag-kvartalet når denne vert klar for utvikling. I denne første fasen skal det etablerast eit parkeringsanlegg og sikre areal til eit eventuelt Nynorskhus. Fase 2 er utviding av parkeringsanlegget.

Plandokument

Planen er tilgjengeleg i papirutgåve på Sunnfjord rådhus - Førde tenestetorg

Frist for å sende innspel eller merknadar

  • 11. mai 2020

Slik sender du innspel