Sunnfjord kommune

Detaljregulering fv. 601 Angedalsvegen del 2, utlegging til offentleg ettersyn

Detaljregulering fv. 601 Angedalsvegen del 2, utlegging til offentleg ettersyn

Klikk for stort bilete Magna Vangsnes, Statens vegvesen Førdepakken har utarbeidd forslag til detaljreguleringsplan for fv. 601 Angedalsvegen. Frist for å sende innspel eller merknader er 15. april 2020. 

Om planområdet

Planavgrensinga er vist på kartet (vedlegg); frå eigedomsgrensa mellom Angedalsvegen 17 og 19 fram til Slåtten skule. Tidlegare er det utarbeidd plan for strekninga Vaskarvollen- Presteholten. Det er 2 reguleringsplanar, men det vert bygd ut som eit samla prosjekt. 

Planen viser løysing med separat sykkelveg og fortau på nordsida av Angedalsvegen. Dette gir god og trafikksikker framkomst for gåande og syklande, noko som er vesentleg sidan dette er ein skuleveg. Veglinja vert om lag slik den er i dag, men ved krysset til Presteholten vert vegen lagt nærmare elva. På strekninga vert fleire avkøyrsler slege saman til nye.

Det vert tilrettelagt med punkt for bossdunkoppstillingar langs vegen og tilrettelagt med busstopp. Planen legg opp til å halde på nesten alle bygningane på denne strekninga, men Angedalsvegen 33 A og B regulert til riving. Det er også garasjen på Angedalsvegen 57. Det vil bli ein prosess med innløysinga av desse etter at reguleringsplanen er vedteken.

I planområdet er det mange einebustader og hagar langs Angedalsvegen. Ein del av hagane på strekninga vert regulert til mellombels rigg og anleggsområde. Statens vegvesen vil leige arealet av grunneigarane i anleggstida. Desse områda vert sett i stand når anleggsdrifta er over. Mot elva er arealet regulert til friområde, friluftsområde eller friluftsområde i sjø og vassdrag på dei areal som ikkje er utbygde.

I anleggsperioden kan Angedalsvegen verte stengd for gjennomkøyring. Det er viktig at veganlegga på E39 og fv. 600 Vievegen vert koordinert slik at alle desse vegane ikkje er stengd samtidig. Det skal elles til ei kvar tid vere tilrettelagt for gåande og syklande forbi anleggsområdet

Plandokumenta 

Plandokumenta er også tilgjengeleg i papirutgåve på Førdehuset – biblioteket og på Sunnfjord rådhus – Førde tenestetorg. 

Frist for å sende innspel eller merknader

  • 15. april 2020

Slik sender du innspel

Informasjonsmøte 25. mars 

Vi inviterer til informasjonsmøte om planframlegget i Sunnfjord rådhus onsdag 25. mars 2020.
Møtet vert i 4. etasje, klokka 19.00–21.00.