Sunnfjord kommune

Detaljregulering Førde vidaregåande skule

Detaljregulering Førde vidaregåande skule

Klikk for stort bilete Flyfoto  Formannskapet har gjort vedtak om å sende detaljregulering Førde vidaregåande skule til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10.

Om planframlegget 

Planframlegget er utarbeidd av Link Arkitektur AS på vegne av forslagsstillar Consto Bergen AS og tiltakshavar Vestland fylkeskommune.

Planframlegget legg til rette for å utvide den vidaregåande skulen og etablere tannlegeklinikk med tilhøyrande infrastruktur. Vestland fylkeskommune skal samordne dei vidaregåande skulane i Førde, og legge til rette for ca. 1000 elevar på Indre Øyrane i første byggetrinn. Fleire av eksisterande bygg skal nyttast, og nye bygg skal førast opp i området.

Maksimal utnyttingsgrad er sett til 65 % BYA med maksimal byggehøgde på 20 m. Det er regulert areal til offentleg leikeplass og gater med tilhøyrande fortau og sykkelfelt. Det er knytt ulike rekkjefølgjekrav i samband med gjennomføring av planen. Det vert vist til planframlegget for fleire opplysningar.

Om planområdet 

Planområdet ligg ca. 200 m nord for Førde sentrum, aust for Naustdalsvegen/rv.5, sjå flyfoto. Planområdet gjeld gbnr. 21/581, deler av gbnr 21/25, 44 og 582, og er samla ca. 48 dekar.

Vedtak av ny detaljreguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande områdereguleringsplan Indre Øyrane av 2019 (planid 143220190015) og delar av gjeldande detaljreguleringsplan Indre Øyrane – Langebruvegen (planid 143220150019) av 2017.

Informasjon og medverknad

Det er høve til å kome med innspel og merknader til planframlegget. Alle merknadar vil bli vurdert og kommentert i saksframstillinga til politisk behandling. Sunnfjord kommunestyre vil vedta detaljreguleringsplanen.

Dokumenta i saka 

Planframlegget inneheld planomtale, reguleringsføresegner, plankart, risiko- og sårbarheitsanalyse, illustrasjonar og diverse rapportar m.m. Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Her finn du alle dokumenta om detaljregulering Førde vidaregåande skule

Dokumenta vert i tillegg lagt ut i Sunnfjord rådhus – Førde tenestetorg. Dersom det er ynskje om å få plandokumenta tilsendt som papirformat kan du kontakte Berit Holme

Utleggingsperiode og merknadsfrist 

  • Utleggingsperiode: 11.11.2020 – 01.01.2021
  • Merknadsfrist: 1. januar 2021

Slik sender du merknader

Bruk elektronisk skjema for høyringsuttale