Sunnfjord kommune

Detaljregulering for Langebruvegen 23 og 25 er vedteken

Detaljregulering for Langebruvegen 23 og 25 er vedteken

Klikk for stort bileteDetaljregulering for Langebruvegen 23 og 25 er vedteken. Les om politisk handsaming og plan.

Formannskapet i Sunnfjord kommune har hatt Detaljregulering for Langebruvegen 23 og 25 til ny handsaming 17.09.2020 og med endeleg vedtak i kommunestyret sak 071/20 den 24.09.2020, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.

Kommunestyret sitt vedtak i september 2020 i sak 071/20:

«Framlegg til detaljreguleringsplan for Langebruvegen 23 og 25 med plankart og føresegner datert 04.03.2020, vert vedteken i samsvar med PBL §12-12,  jf. fylkesmannen sitt vedtak i klagesak 140/20 i formannskapet, formidla i brev datert 12.08.2020».

Om planen

Planen har som hovudføremål å legge til rette for oppføring av ny bygningsmasse med 53 bustadeiningar samt privat-/offentleg parkering med tilhøyrande uteopphaldsareal. 

Planframlegget er justert og endra etter offentleg ettersyn, etter dialog med både fylkesmannen og planfremjar. Endringane som er gjort kjem fram av saksutgreiing i sak 061/20, og i tillegg er endringane i føresegna og plankartet lista opp i tittelfeltet til plandokumenta. Det som er markert med raud skrift i føresegna, har planadministrasjonen føya til etter offentleg ettersyn.

Føresegner og plankart er juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art. 

Dokument og  vedtak i saka 

 Politisk handsaming i mars 2020 

Politisk handsaming i september 2020

Les klagesak som er handsama i formannskapet i august 2020 


Ny detaljregulering vil erstatte delar av detaljreguleringsplan (DR-plan ) for Indre Øyrane –Langebruvegen (planID 143220150019), den delen som gjeld erstatningsareal for parkering og riggområde for tiltak 12 i Førdepakken.

Omsynet til riggområde og 16 offentleg p-plassar vert ivaretatt gjennom Føresegnsområde #1 og 2 (§ 8.1 og 8.2), samt dialog med Førdepakken undervegs.

Ny detaljreguleringsplan vil også erstatte delar av ein eldre reguleringsplan for Indre Øyrane (PlanID 1432-20030004).

Klagerett

Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan tre veker frå kunngjering. 

Eventuell klage sender du via e-post eller per post:

Merk klagen: Sak 20/49