Sunnfjord kommune

Detaljregulering for Åland industriområde er vedteken

Detaljregulering for Åland industriområde er vedteken

Klikk for stort bilete Planen vart handsama i formannskapet og kommunestyret 24.sept.2020.

Planen vart handsama i formannskapet og kommunestyret 24.sept.2020.

Kommunestyret sitt vedtak i sak 087/20

«Detaljregulering for Åland industriområde vert med grunnlag i saksutgreiing datert 21.09.2020, vedteken med plankart og føresegner datert 18.09.2020, saman med planomtale og støyrapport datert 09.07.2020.

Tiltakshavar skal klart ta omsyn med avbøtande tiltak i høve til at dette er eit område med trafikale utfordringar knytt til mjuke trafikantar, og støy frå industriell verksemd. Tiltak utover støyvollar skal vurderast opp mot at industriområdet ligg nær eit tettbygd sentrumsområde».

Vedtaket har ikkje ført til endringar i plandokumenta. Kommunedirektøren meiner at siste del av vedtaket er oppfylt i føresegna sin §8.5 b).

Les saka og sjå politisk handsaming

Om planen

Detaljreguleringsplan for Åland industriområde har som føremål å ta imot massar frå Kjøsnesfjordtunnelen dei 3 fyrste åra, og på lang sikt legge til rette for industri- og kontorverksemd. Området er også sett av til næringsformål i gjeldande kommuneplan for Jølster. Planfremjar/tiltakshavar er Åland Eigedom AS.

Fylkesmannen i Vestland trekte motsegna 21.09.2020 på bakgrunn av kommunen sine endra føresegner datert 18.09.2020. Det vart teke inn meir detaljererte føringar knytt til driftsfasen (den framtidige bruken av næringsareala), som skal sikre folkehelsa og levekåra for dei som bur nær planområdet. I føresegn § 8.5 b) er det sett krav til verksemder i området i høve grense for støy, luftkvalitet og ev brann- og eksplosjonsfare.

Klagerett

Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan tre veker frå kunngjering. Klagen skal stillast til Fylkesmannen i Vestland og sendast til Sunnfjord kommune.

Opplysningar om klagerett

Eventuell klage sender du via e-post eller per post:

Merk klagen: Sak 20/3634