Sunnfjord kommune

Detaljregulering Firdavegen 12B til offentleg ettersyn.

Detaljregulering Firdavegen 12B til offentleg ettersyn.

Planforslaget legg til rette for eit nytt kontorbygg på ca. 5000m2. 1. etasje i bygget er føreslege som parkeringsplass, medan etasjane over er tenkt som kontor.

Formannskapet i Sunnfjord kommune har gjort vedtak om å sende detaljregulering Firdavegen 12B til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10.

Norconsult har på vegne av AK Stang Eigedom utarbeidd framlegg til detaljregulering Firdavegen 12B. Planframlegget legg til rette for oppføring av eit nybygg for kontor og tenesteyting. Det er planlagd eit bygg som trapper opp frå 3. til 5. etasjar, med parkeringsanlegg i 1. etasje.

Planområde ligg på Ytre Øyrane, og gjeld gbnr. 21/522. Planområdet er samla på ca. 7 dekar.

Reguleringsføresegner og plankart vil verte juridisk bindande medan andre dokument er av opplysande art.

Ny reguleringsplan vil erstatte dela av områderegulering Ytre Øyrane.

Dokument i saka

Planen er tilgjengeleg i papirutgåve på Sunnfjord rådhus - Førde tenestetorg.

Frist for å sende innspel eller merknader

  • 27. november 2020

Slik sender du innspel