Sunnfjord kommune

Detaljregulering Farsund til offentleg ettersyn

Detaljregulering Farsund til offentleg ettersyn

Klikk for stort biletePlanframlegget legg til rette for å etablere 18 nye bustadtomter nordaust i Farsundfeltet.

Formannskapet i Sunnfjord kommune har gjort vedtak om å sende detaljregulering Hornnesvegen 36-42 til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10.

Flataker Landskap AS starta planarbeidet på vegne av Førde Tomteselskap AS i 2014, og store delar av planframlegget har vore på høyring tidlegare.

Planen legg til rette for å utvide eksisterande bustadfelt på Farsund i nordaust, krav om sikring av byggeområde i nord, regulere ei bevaringssone over den Trondhjemske postveg, etablere passeringslomme ved E39, samt mindre endringar og oppdateringar i eksisterande bustadfelt. Det vert vist til planomtale for fleire opplysningar om framlegget.

Reguleringsføresegner og plankart vil verte juridisk bindande medan andre dokument er av opplysande art.

Ny reguleringsplan vil erstatte reguleringsplan Farsund av 2006, og delar av detaljreguleringsplan G/S-veg E39 Farsund Kusslia av 2017.

Dokument i saka

I føresegna § 9.2 vert det vist til plankart. Dette gjeld plankart for detaljregulering Farsund planid 4647-20200014 (PDF, 3 MB).

Planen er tilgjengeleg i papirutgåve på Sunnfjord rådhus - Førde tenestetorg.

Frist for å sende innspel eller merknader

  • 11. mai 2020

Slik sender du innspel