Sunnfjord kommune

Detaljregulering Farsund nordvest til offentleg ettersyn

Detaljregulering Farsund nordvest til offentleg ettersyn


Klikk for stort biletePlanframlegget legg til rette for å etablere 8 nye bustadtomter i nordvest i Farsundfeltet.

Formannskapet i Sunnfjord kommune har gjort vedtak om å sende detaljregulering Hornnesvegen 36-42 til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10.

Flataker Landskap AS starta planarbeidet på vegne av Førde Tomteselskap AS i 2014, og delar av planframlegget har vore på høyring tidlegare.

Planen legg til rette for å utvide eksisterande bustadfelt på Farsund i nordvest med 8 nye bustadtomter med krav om sikre BFS12 og BKS1-2 mot ras. Det er regulert veg mellom eksisterande busetnad og nye bustadtomter. Det er regulert to friområde. Det vert vist til planomtale og rådmannen si saksutgreiing for fleire opplysningar om framlegget.

Reguleringsføresegner og plankart vil verte juridisk bindande medan andre dokument er av opplysande art.

Ny reguleringsplan vil erstatte delar av reguleringsplan Farsund av 2006.

Dokument i saka

Planen er tilgjengeleg i papirutgåve på Sunnfjord rådhus - Førde tenestetorg.

Frist for å sende innspel eller merknader

  • 11. mai 2020

Slik sender du innspel